Bli ein del av eit felleskap med likesinna kvinner!
Kom saman med kvinner som har mange av dei same verdiane som deg sjølv. I eit trygt rom der det er lov til å både tenkje og å vere utanfor den der boksen som vi liksom skal passe inn i, i dagens hamsterhjul i dette kapitalistiske samfunnet. Der alt handlar om å bidra - utan å sjå korleis vinningane går opp i spinningane…

Kven er fellesskapet for?
Kvinnefellesskapet Husmorhæren er for deg som anten er husmor eller drøymer om å bli det - ut frå din eigen definisjon. Her skal vi ikkje presse oss inn i ein snever definisjon eller ein liten boks! Ei husmor i 2025 treng ikkje leve likt som det ei husmor gjorde for mange tiår sidan.
Men fellesskapet er også for deg som ikkje resonnerer heilt med akkurat ordet «husmor». Og du kan vere med også om du ikkje føler det som ditt personlege kall og ikkje har det som eit personleg ynskje for ditt eige liv.
Det essensielle er faktisk ikkje kva vi gjer, men kva vi ser. Og i Husmorhæren ser vi alt det fantastiske og verdifulle husmødre kan bidra med til samfunnet, dersom ein ser det store biletet. Dersom ein ser korleis ting heng saman, korleis det eine leiar til det andre. For samfunnet - det startar heime! Med meg, med deg og familiane våre.
Resonnerer dette? Saknar du å ha fleire likesinna menneske i livet ditt? Bli ein del av eit online kvinnefellesskap, med kvinner som har mange av dei same verdiane som deg!
HEI, EG HEITER LINNY!
Mitt fulle namn er Linn Therese Solheim, men eg er kjend som Linny på Instagram-kontoen @linnyslivsstil.
Lenge var temaet mitt utbrentheit på Instagram. Eg er utdanna barnevernspedagog, og etter mange år som sakshandsamar i kommunalt barnevern, vart eg utbrent. Eg kom meg ut av det og byrja å hjelpe utbrente kvinner og setje lys på temaet gjennom sosiale media, bok, coaching, føredrag og mediedekning.
Etter kvart tok eg mot til meg og sa opp min faste jobb! Og medan eg jobba med mitt eige føretak heime, opplevde eg å kome i kontakt med noko nytt i meg sjølv, nokre nye kjensler. For som sjølvstendig næringsdrivande jobba eg mindre enn eg tidlegare hadde gjort i «vanleg jobb». Og den ledige tida brukte eg på familien, på heimen og på meg sjølv. Så eg var i grunn deltidsshusmor, utan at eg tenkte over det eller resonnerte med ordet «husmor» akkurat då.
Barna byrja å få med seg heimelaga rundstykker på skulen. Eg laga nistepakke til mannen - fordi det gav meg glede å gjer det. Huset vart støvsugd oftare. Alltid kontroll på klesvasken og reine sokkar (i par) i skuffene. Parforholdet var betre. Eg var meir mentalt tilstades i samtalar med barna. Eg tilbrakte meir tid med dei og tok initiativ til å finne på meir saman, som tur i skogen eller badminton i gata før middag. Det er stor skilnad på å gjer slikt ved å tvinge seg sjølv - og på det å gjer det ut frå pur lyst og overskot! Og barn kan nok merke skilnaden.
Omtrent kvar einaste dag sa eg ekstatisk til mannen min: «Ååååh eg ELSKAR å leve!!!» Og han hadde sett kontrasten… Han hadde jo sett meg utbrent. Og sett meg sånn midt på treet greit ok fornøgd med livet, som folk flest.
Dei 7,5 månadane som deltidshusmor (og gründer av ein sjelfull, ektefølt business tilpassa meg og mitt liv), dei gjorde noko med meg på eit veldig djupt plan. Det er faktisk den einaste gongen i livet at eg har vore djupt 100 % heilt inn til beinet lukkeleg. Og uansett kva livet kasta på meg av utfordringar, så hadde eg likevel alltid ei grunnlukke i botn. Fordi eg levde i tråd med mitt indre kompass. Eg fekk kjenne på kva som verkeleg betyr noko for meg i livet og kva eg eigentleg er skapt for.
Du fortjener å kunne vere ei husmor - og gjerne ei husmor med midlar! Dersom det er det du kjenner i kropp, sinn, sjel og hjarte at du vil. Og det fortjener eg også. Vi fortjener det! Og det vil gagne både familiane våre og samfunnet. For samfunnet er oss, samfunnet startar heime.
Vi, liva våre og samfunnet har eit enormt potensiale. Lat oss byrje med å kome saman! Døra til kvinnefellesskapet Husmorhæren er no open✨

EG HAR GLEDA MEG SLIK TIL Å KUNNE INTRODUSERE FOR DEG...
Kvinnefellesskapet HUSMORHÆREN!
Mange kvinner har teke kontakt med meg og delt at dei saknar å ha fleire likesinna menneske i livet sitt. Ved å vere på Instagram har eg tiltrukke meg mange! Og i staden for at vi alle skal sitje kvar for oss, kvifor ikkje heller kome saman? Samle oss til ein vakker bukett? 💐
DETTE FÅR DU:

#1 TILGONG TIL LUKKA FELLESKAP I EIGEN APP
Ja, det blir eit lukka fellesskap i eigen app! Det er inne på appen at live-treffa blir haldt. Og der blir det også ein eigen felleschat - samt ein eigen sirkel-chat for kvar kvinnesirkel.
Slik kan ein halde dagleg kontakt om ein sjølv ynskjer det, ein kan stille spørsmål og be om råd frå fellesskapet - om alt frå surdeigbrød til meir djupe tema.
Eg, Linny, kjem sjølv til å vere aktiv inne på appen - med ynskje om å inspirere og motivere dykk på ulike måtar, i tillegg til å dele informasjon og kunngjeringar.
Det er på appen det skjer! (Viktig informasjon blir dog også sendt ut på e-post, slik at ingen føler seg pressa til å vere på appen dagleg dersom ein ikkje føler det riktig.)

#2 MÅNADLEG MØTE
1 gong per månad blir det fellesmøte der vi alle samlast over ei live-sending online. Eg held då ei innleiing, før ein ekstern føredragshaldar kjem på bana og snakkar om tema som er relevant for oss i Husmorfellesskapet. Eg har allereie booka nokre forrykande føredragshaldarar - så her er det berre å glede seg! Det blir gjort opptak, slik at dykk som ikkje har anledning til å møte på oppsatt tidspunkt, får sett føredraget i etterkant.

#3 KVINNESIRKEL
I Husmorfellesskapet får du vere med i ein kvinnesirkel. Saman med andre kvinner som ynskjer eit nærare og meir intimt treff, i tillegg til det månadlege møtet for heile fellesskapet. Slik får ein større moglegheit til å bli betre kjend og byggje relasjonar. Det blir satt opp eitt online sirkeltreff per månad.
I sirkelen er det viktig at du får vere deg. Og at dei andre får vere seg sjølve. Ja, i fellesskapet er vi likesinna og delar mykje av dei same verdiane - men likevel vil det alltid vere ulikskapar og ueinigheiter. Og det skal det vere rom for!
Det essensielle er korleis ein då blir møtt og korleis ein møter andre. Her skal vi erfare at det kan vere trygt å vere seg sjølv og å dele frå sitt innerste indre. Her skal vi erfare at det kan vere givande og berikande å sjå frå ulike vinklar, å nokre gonger ha ulike syn.
Vi er dog saman om grunnverdiane og noko av essensen i Husmorhæren; nemleg at vi ynskjer å løfte familieverdiane høgare opp i dagens samfunn.

#4 FRAMTIDIGE FYSISKE TREFF?
Eg veit ikkje kvar dette fellesskapet vil føre oss, men eg veit at eg ynskjer å ta første steg og starte det. Og så blir vegen til medan vi går den. Moglegheitene for framtida er mange! Og eg ser for meg å kunne halde fysiske treff og arrangere samankomstar for oss i framtida. Det blir fantastisk!
I ei ideell verd hadde ein kanskje ikkje trengt å ha fellesskap online. Men når vi no først lev i ei moderne tid, lat oss i alle fall bruke teknologien til noko positivt som kan berike liva våre!

#5 POLITISK PÅVERKNAD?
Det er ubegrensa og uant kva vi saman kan få til, kva vi kan skape, kva vi kan utrette. Vi startar med å kome saman i fellesskap. Men eg har ein visjon om å også løfte verdiane våre endå meir opp og fram i samfunnet! Og med dykk i ryggen, er eg villig til å gå i front, gå til kamp, kjempe for det vi trur på og det vi kjenner i kropp, sinn, sjel og hjarte er sanninga og det riktige.

#6 ALT IMELLOM…
Éin ting er kva du får der og då. Av inspirasjon, motivasjon og kunnskap når du lyttar til ein ny føredragshaldar kvar månad. Av kjensler, innspel, innsikter og utsikter under sirkeltreffa. Og det at du har eit fellesskap å be om støtte og råd frå, når det vil gjer deg godt.
Ein anna ting er kva dette kjem til å gjer med energien din og underbevisstheita di over tid. Kva det gjer med deg som person, korleis dette kjem til å påverke kven du utviklar deg til å bli, korleis du har det inni deg - sånn elles, utanom det du deltek på inne i Husmorfellesskapet.
Du blir dei du omgås, er det nokon som seier. Og eg gler meg til å omgås deg og dykk som blir ein del av fellesskapet vårt! Ein hær av sterke, stødige kvinner. Men som samstundes tør å vere sårbare, mjuke og feminine.
Vår hær trer ikkje fram på den maskuline måten, for vi er i kontakt med vår feminine styrke og kvinnekraft. Og intuisjonen vår er vårt sterkaste kort, vårt skarpaste våpen.
"Men så nice at man kan ha det fellesskapet på en app! Ah gleder meg virkelig til å bli en del av det du vil få til🥰"
- Andrine
"Det felleskapet du skaper er viktig for mange."
- Marie
"GLEDAR MEG!!🤩🤩"
- Maiken

Føler du av og til at du står (eventuelt sit…) litt åleine?
At du har andre verdiar og ser annleis på ting enn det dei fleste rundt deg gjer?
At det kan vere vanskeleg å opent dele dine tankar, perspektiv, synspunkt og meiningar?
At det hadde vore godt å hatt fleire relasjonar der du føler deg sett og forstått?
Kjenner du at det er noko som skurrar for deg, når du ser kva som er majoriteten i dagens samfunn og kva det er som blir sett på som kontroversielt i dag?
Då kan gjerne kvinnefellesskapet Husmorhæren vere for deg!
Døra opnar for aller fyrste gong no våren 2025. Viss du vil vere med i denne runden, må du melde deg inn før døra lukkast på ubestemt tid!

Må ein ha barn for å kunne vere med i Husmorhæren?
Eg resonnerer ikkje med ordet «husmor», men kan fellesskapet likevel passe for meg?
Kvifor er ikkje fellesskapet gratis?
Kor mange kvinner blir det i kvar kvinnesirkel?
Kvifor er det bindingstid?
Eg gler meg til å ta deg varmt imot på innsida! 💓
- Linny

Vil du stå på ventelista?
Døra til Husmorhæren er no stengd. Ved å setje deg opp på ventelista, blir du av dei aller første som får beskjed når døra opnar seg - og fleire kvinner kan få kome inn til oss. Lista er heilt uforpliktande å stå på. Det einaste du samtykkjer til er å motta e-postar frå meg, Linny. Og du kan enkelt og når som helst avmelde deg om ynskjeleg.